torsdag 2. mai 2013

S W E E T


S W E E T

♥ L I K E  C A N D Y 


Ei nydelig lita tullemor som eg var så heldig å få fotografera i mitt studio.
God kveld til alle saman!



onsdag 24. april 2013

V Å R




Tid for konfirmasjonar og masse fotografering
av kjekke jenter og gutar!

Ha ein god vårdag i hausteveret... :-)

laurdag 23. mars 2013

P R E G N A N T



Nei, det er ikkje eg som er gravid (ref. overskrift)!
Tre skjønne små er full pakke og full jubel!
:-)

Denne vetle babyen i magen fekk møta norsk kulde i mars månad
når den vordande fine mammo vart med til skogs på fotoshoot.
Ørlite kaldt...men veldig kjekt!

Dette er eit total uredigert bilete - null photoshop -
ørlite overeksponert med flommande solnedgang mellom trestammene.

God palmehelg!

*Håpar for all del at mammen har fått varmen
i seg og at lillegull koste seg...

fredag 15. mars 2013

M O O D


Dotter mi - My daughter
Ikkje alltid lett når mamma berre vil, berre skal, testa litt, prøva litt...
Håpar du tilgjev meg vetle skatt! :-)


Go` moody weekend!



onsdag 13. mars 2013

R E L A X


Ein herlig avslappa liten kar som vitja studioet mitt.
Så skjønn og kosemosegod!

:-)

Ha ein fin dag!


onsdag 20. februar 2013

S T U D I O



Nokre småglimt frå studioet mitt.
Bileta er tatt med IPhone5 og publisert på Instagram (bodilbo).
Er nok svært mykje meir aktiv der enn på min kjære blogg...

:-)

Stolar frå Hay, kjøpt på Ølen Møbel.
Kledestativ frå samme fabelaktige butikk!
Svart stor krukke kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker.
Gammalt bord frå krigen, med kuleskudd i!


H A  E I N  F A B E L A K T I G  D A G


onsdag 9. januar 2013

H E R O


HEROfactory
G r i s e r
Angrybirds

Har du gutar så kjenner du nok til dette... :-)
(Eit ukjent terreng for meg inntil me fekk ein gut!)

Bursdagen i år vart derfor invadert av Herofactory figurar. Dei gjekk til angrep på godteri og mandariner. Nokre føtter og armar stakk opp frå godteskålene, andre vant slaget og hoverte i toppen av lampen...
Den stolte og glade 6-åringen leika seg gjennom pyntinga! Ho mor lot guten ta seg ut og dempa slaga med ørlite kjærleik for dei ørten figurane... La dei nå få ha hovuda på!!! :-)

Mammo seier takk og pris at neste barnebursdag er i november. 1,5 mnd med tre barnebursdagar, advent, jul og nyttårsfeiring gjere noko med energien i forhold til partyparty :-)

Ha ein kjekke dag!

tysdag 8. januar 2013

B E A U T Y


Så mange vakre, skjønne og kjekke ungar
var innom studioet mitt før jul.
Denne vakre jenta
var ei av dei små tuppeluppene
som hjarta mitt dunka litt ekstra for!
:-)

B E A U T Y



❤FØLG MEG GJERNE PÅ INSTAGRAM ❤


 

fredag 4. januar 2013

B I R T H D A Y


Bursdagstid igjen! 
I dag er det mellombror som fyller 6 år!
Hurra for pusen vår!

Bileta er frå storesøster sin 8-års dag 15. desember.
Stjerner, gull, svart og PINK var den raude tråden...
viss ein skal hevda at det var ein raud tråd! :-)

Nå prøver eg å laga bursdagsbord til morgendagens barneselskap.
Kjenner at eg faktisk heller ville vore gått til sengs...gjeeesp!











torsdag 3. januar 2013